From Wikipedia, the free encyclopedia
Fahlerts (av tysk Fahlerz, frå fahl, som tyder bleik) er namn på ei gruppe ertsmineral som krystalliserer kubisk og inneheld kopar, noko jarn og eventuelt sølv, og dessutan svovel, antimon og arsen. Fargen er grå til svart. Dei er viktige koparertsar på einskilde førekomstar i Mellom-Europa og USA. Òg sølvinnhaldet kan ha økonomisk tyding. Dei mest utbreidde er tetraedritt (antimonfahlerts), Cu12Sb4S13, tennantitt (arsenfahlerts), Cu12As4S13 og freibergitt, (Ag,Cu)12(Sb,As)4S13.
Fahlertsmineral opptrer sparsamt i Noreg. Mest kjend er ein førekomst av tetraedritt i Svenningdalen på Helgeland.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.