From Wikipedia, the free encyclopedia
Førresfjorden er eit sokn i Tysvær kommune på Haugalandet i Rogaland fylke. Det har omtrent 6 200 inbyggjarar (2013) og omfattar den nordvestre, folketettaste delen av kommunen. Soknet har to tettstader, Førre og Aksdal, med kvar si kyrkje. Førre (Førresfjorden) kyrkje vart innvigd i 1893, mens Aksdal kyrkje er frå 1995. Soknet høyrer til Haugaland prosti.
Førresfjorden er eit ikkje særleg gammalt sokn. Det vart oppretta i 1893, same år som kyrkja stod ferdig, ved frådeling av den nordre delen av Avaldsnes prestegjeld. Soknet hadde då 782 innbyggjarar.
Ved oppløysinga av Avaldsnes kommune i 1965 vart Førresfjorden sokn lagt til Tysvær kommune (unnateke Kolnes krins som følgde med storparten av Avaldsnes inn i Karmøy kommune og vart tilbakeført til Avaldsnes sokn). I 1988 vart Førresfjorden sokn utvida, då krinsane Grinde, Halleland og Sundfør vart overførte frå Skjoldastraumen kapelldistrikt i Nedstrand sokn.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.