Fédération Cynologique Internationale
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fédération Cynologique Internationale (FCI) er ein profittfri medlemsorganisasjon og topporgan for ei rekkje nasjonale kennelklubbar rundt om i verda, som til dømes Norsk Kennel Klub i Noreg og dei andre kennelklubbane i Norden. Organisasjonen har som føremål å take seg av dei tilhøva ved oppdrett av hundar og hundesport som har med kynologi (fransk: cynologie) å gjere; det vil seie at foreininga godkjenner og registrerer standardar for hunderasar og kva for kjenneteikn ved ein hund som må vere til stades for at hunden er rasetypisk og raserein.
Kjappe fakta Skipa, Hovudkontor ...
Fédération Cynologique Internationale | |||
| |||
Skipa | 22. mai 1911 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Thuin | ||
Tilsette | 435 | ||
Nettstad | http://www.fci.be/en/ |
Lukk