Malle er ein stor mallefisk som lever i ferskvatn i Aust- og Sentral-Europa. I Noreg finst han ikkje, men Sverige har ein liten bestand som er sterkt truga av utrydding.

Kjappe fakta
Malle
Thumb
Malle
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigThumb
Utbreiinga av malle
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Mallefisk Siluriformes
Familie: Siluridae
Slekt: Silurus
Art: Malle S. glanis
Vitskapleg namn
Silurus glanis
Lukk

Kjenneteikn

Den europeiske mallen kan bli opp til 5 meter lang og vega 300 kg, men vanlegvis er dei ikkje større enn 1,5 med ei vekt på 100 kg. Den største mallen som er teken i skandinaviske vatn vart teken i Båven i Sverige, var 3,6 m lang og vog 180 kg.

Europeisk malle manglar skjel og er ofte flekkete på overflata. Ryggfinnen er lita og inneheldt berre fire eller fem finnestrålar. Han har eit breitt, flatt hovud med brei munn og mange små tenner. På haken har han to lange og fire korte skjeggtrådar som vert nytta som lukteorgan under søk etter føde.

Levesett

Europeisk malle lever åleine i stilleståande vatn på 0-30 m djupn. Han trivst best på mudderbotn i grumsete, næringsrike sjøar, og er nattaktiv. Om dagen heldt dei seg i skuggen nede på botnen eller i skuggen av overgrodde elvebreidder. Mallen er territorial og hevdar revir.

På jaktturane sine fangar vaksne mallar stort sett fisk, men dei kan òg ta fuglar og symjande pattedyr. I tillegg er krepsdyr og frosk vanlege innslag i kosten deira. Dersom dei får sjansen, et dei dessutan gjerne åtsel.

Paringstida er frå mai til juli. Hannen brukar snuten til å grava ei grop som hoa legg dei 100 000-370 000 egga sine i. Hannen befruktar dei og passar på dei i 2-4 dagar før yngelen klekker ut. Desse må likevel greia seg sjølv heilt frå starten.

Bakgrunnsstoff


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.