Europa Universalis III
dataspel frå 2007 / From Wikipedia, the free encyclopedia
Europa Universalis III (forkorta EU3) er eit historisk strategispel utvikla til PC av Paradox Interactive, utgjeve januar 2007 for Windows og november 2007 for Mac[1] Spelet vart annonsert den 14. februar 2006.
Europa Universalis III | |||
| |||
Utviklar(ar) | Paradox Interactive | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Paradox Interactive | ||
Distributør | Steam, GOG.com, Humble Store | ||
Serie | Europa Universalis | ||
Spelmotor | Paradox Development Studio | ||
Siste versjon | 1.3 | ||
Plattform(er) | Microsoft Windows, macOS | ||
Utgjeving | EU: 26. januar 2007 Nord-Amerika: 23. januar 2007 | ||
Sjanger | Strategi, historisk strategi | ||
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar | ||
Aldersgrense | ESRB: E 12+ | ||
Versjon | 1.3 | ||
Nettstad | http://www.europauniversalis3.com/ | ||
Del av serien Europa Universalis⠀ | |||
←Europa Universalis II · Europa Universalis IV→ |
Europa Universalis III startar kort tid etter Konstantinopels fall, i 1453. Utvidinga In Nomine flytter startdatoen til 1399. I den etterfølgjande tida må spelaren leie nasjonen sin til å bli mektig og stor, og det heile vert avslutta etter revolusjonane i Frankrike og Amerika. Totalt kjem spelet med over 250 historiske nasjonar.
Spelet skil seg ikkje mykje frå forgjengaren Europa Universalis II, men var det første spelet som brukte Paradox sin tredimensjonale spelmotor Clausewitz. Dessutan er det fleire moglegheiter for spel i fredstid, som tidlegare har vore noko avgrensa. Spelet brukar og ulike element frå andre Paradox-spel.