From Wikipedia, the free encyclopedia
Eugene Wigner (fødd 17. november 1902 i Budapest i Austerrike-Ungarn, død 1. januar 1995 i Princeton i New Jersey) var ein ungarsk-amerikansk fysikar og matematikar.
Nobelprisen i fysikk
1963
Frå 1930 til 1933 var han professor i teoretisk fysikk i Göttingen i Tyskland, og frå 1938 til 1971 ved Princeton University i USA. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1963 «for bidraga hans til teorien om atomkjerne og elementærpartiklar, særleg gjennom oppdagainga si og bruken av grunnleggjande symmetri-prinsippa». Dette var eine halvdelen av prisen. Den andre halvdelen vart gjeve til Maria Goeppert-Mayer og J. Hans D. Jensen. Prinsippet han fekk prisen for vart utvikla av han i 1930-åra, og har vist seg å vere av fundamental tyding i kjerne- og elementærpartikkelfysikken. Under andre verdskrigen var Wigner knytt til University of Chicago og arbeidde med utvikling av ein kjernereaktor i samband med Manhattan-prosjektet. I 1946–47 var han forskingsdirektør for Oak Ridge National Laboratory. Han har utført viktige arbeid innan reaktorfysikk og bruk av kjerneenergi ved sidan av studia sine av gruppeteori og symmetri innan teoretisk fysikk.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.