Etna
From Wikipedia, the free encyclopedia
Etna (òg kalla Mongibeddu på siciliansk og Mongibello på italiensk) er ein aktiv vulkan på austkysten av Sicilia, nær Messina og Catania i Italia. Det er den største aktive vulkanen i Europa med ei høgd på 3 357 meter over havet.[1] Det er òg det høgaste fjellet i Italia sør for Alpane. Etna dekkjer eit areal på 1 190 km² og har ein omkrins på 140 km ved foten. Han er dermed den klart største av dei tre aktive vulkanane i Italia, og er nesten tre gonger så høg som den nest største, Vesuv.
- Denne artikkelen handlar om vulkanen Etna. For den norske elva med same namn, sjå elva Etna.
Etna | |||
fjell | |||
Etna sett frå lufta | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Område | Sicilia | ||
Fjelltype | Stratovulkan | ||
Høgd | 3 357 moh. | ||
Primærfaktor | 3 357 m | ||
Bergartar frå | 500 000 år | ||
Siste utbrot | 2008 | ||
Lettast tilkomst | Klatring | ||
Koordinatar | 37°45.304′N 14°59.715′E | ||
Etna 37.750834514818°N 14.993220288812°E / 37.750834514818; 14.993220288812 | |||
Wikimedia Commons: Mount Etna | |||
Etna er ein av dei mest aktive vulkanane i verda og er nesten konstant i utbrot. Sjølv om utbrota stundom kan vere svært øydeleggjande vert han ikkje rekna som særleg farleg og tusenvis av menneske bur i fjellsida og i omlandet. Det rike vulkanske jordsmonnet gjev opphav til omfattande jordbruk med vingardar og frukthagar spreidd over dei nedre fjellsidene og den breie Cataniasletta i sør. På grunn av den hyppige aktiviteten og busetnadane rundt fjellet vert Etna rekna som ein av seksten dekadevulkanar av Dei sameinte nasjonane.