![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/30/EST-coins-overview.jpg/640px-EST-coins-overview.jpg&w=640&q=50)
Estisk kroon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Estisk kroon eller krone (Ekr - Eesti kroon) var valutaen i Estland. Valutakoden er EEK. 1 Kroon (pluralform krooni) = 100 senti (singularform sent). Noregs Bank noterer valutakurs for estikse kroner. Ei estisk krone er notert til mellom 50 og 60 øre (2009).[1]
Estisk kroon | |||
![]() | |||
Land | Estland | ||
---|---|---|---|
Delt i | 100 senti | ||
Valutakode | EEK | ||
Innført | 1928 | ||
Avskaffa | 15. januar 2011 | ||
Erstatta av | Euro |
Valutaen vart innført i 1928 i staden for den tidlegare estiske marken som var innført i 1921. Den estiske krona gjaldt fram til at Estland vart hærteken av Sovjetunionen i 1940, og rubelen vart innført som betalingsmiddel. I juni 1992 vart den estiske krona på nytt innført som valuta istaden for rubelen. Den første tida var ho knytt til D-marken. Då Tyskland innførte euro, vart krona bunden til euroen i staden. Estland vart medlem av EUs pengeunion 1. januar 2011. Etter ein overgangsperiode på to veker er den estiske krona frå og med 15. januar 2011 ikkje lenger gyldig betalingsmiddel, men kan vekslast inn til sentralkurs (1 EUR = 15,6455 EEK) i sentralbanken.