norsk statsvitar og politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Espen Barth Eide (fødd 1. mai 1964) er ein norsk statsvitar og politikar for Arbeidarpartiet som er utanriksminister i regjeringa Støre,[1][2] tidlegare klima‑ og miljøminister.[3]
Espen Barth Eide | |||
| |||
Fødd | 1. mai 1964 (60 år) Oslo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, diplomat, statsvitar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo Universitetet i Barcelona Oslo katedralskole | ||
Mor | Wenche Barth Eide | ||
Far | Asbjørn Eide | ||
Alle verv |
|
Han vart forsvarsminister då Grete Faremo tok over som justisminister grunna Knut Storberget sin avgang frå stillinga den 11. november 2011.[4] I september 2012 vart han utanriksminister.[5]
Han er visegeneralsekretær i SN og Kypros-spesialrådgjevar for SN sin generalsekretær António Guterres. Frå 2014 til 2016 var han direktør i Verdas økonomiske forum.
Espen Barth Eide er son til forskarane Asbjørn Eide og Wenche Barth Eide. Han er utdanna cand. polit. frå Universitetet i Oslo. I 1992 vart han generalsekretær i Europarørsla. I 1994 vart han forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), der han m.a. har hatt ansvar for SN-programmet og leidd avdelinga for internasjonal politikk 2002–2005.
Frå 2000 til 2001 var han statssekretær ved utanriksdepartementet i Jens Stoltenberg si fyrste regjering. Her spelte han ei sentral rolle ved forhandlingane om kjøp av norske jagarfly. Frå 2005 til 2010 var han statssekretær i forsvarsdepartementet, og frå 2010 til 2011 vart han statssekretær i utanriksdepartementet att fram til han fekk stillinga som forsvarsminister i 2011.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.