Erwin Schulhoff (8. juni 1894–18. august 1942) var ein tsjekkisk komponist og pianist.
Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Lukk
Schulhoff var fødd i Praha i ein tysk jødisk familie. Pianisten og komponisten Julius Schulhoff var ein grandonkel.
Antonín Dvořák oppmuntra Schulhoff til å studera musikk, og han blei elev ved Konservatoriet i Praha som tiåring.[1]
I byrjinga var han inspireret av Claude Debussy, Richard Strauss og Alexander Scriabin. Seinare slo han over i ein neoklassisk stil med element frå jazz og samtidige danserytmar.
Han skreiv seks symfoniar i svært blanda stil, to operaer, to ballettar, ein klaverkonsert, to strykekvartettar og eit jazz-oratorium.[2] Han etterlèt seg to ufullende symfoniar.
Schulhoff døydde i Holocaust. Han skal ha døydd av tuberkulose i den tyske konsentrasjonsleiren Wülzburg i Bayern i 1942.[2]
- 5 Etudes de jazz for piano (c.1910–1920)
- Violin Sonata No. 1, Op.7 (1913)
- Piano Concerto No. 1, Op.11 (1913)
- Divertimento for strykekvartett (1914)
- Cellosonate (1914)
- Strykekvartett No. 0, Op.25 (1918)
- Sonata Erotica for solo kvinnerøyst (1919)[3]
- Fünf Pittoresken for piano (1919)
- Symphonia Germanica (1919)[3]
- Suite for kammerorkester (1921), opphavleg kalla In the New Style, seks dansar
- Ogelala, ballett (1922)
- Die Wolkenpumpe (1922), songar for bariton, fire treblåsarar og perkusjon[3]
- Bassnachtigall for kontrabassun (1922)[3]
- Pianokonsert "alla Jazz" (1923)
- Fem stykke for strykekvartett (Fünf Stücke für Streichquartett) (1923)
- Strykesekstett (1920–24)
- Strykekvartett No. 1 (1924)
- Pianosonate No. 1 (1924)
- Strykekvartett No. 2 (1925)
- Concertino for fløyte, fiola og kontrabass (1925)
- Symfoni No. 1 (1925)
- Pianosonate No. 2 (1926)
- Pianosonate No. 3 (1927)
- Violinsonate No. 2 (1927)
- Sonate for fløyte og piano (1927)
- Dobbelkonsert for fløyte, piano og orkester (1927)
- 6 Esquisses de jazz for piano (1927)
- Konsert for strykekvartett og treblåsarorkester (1930)[4]
- Flammen, opera (1927–29)
- Hot Sonate for altsaksofon og piano (1930)
- Suite dansante en jazz for piano (1931)
- Symfoni No. 2 (1932)[5]
- Das kommunistische Manifest, oratorium (1932)[3]
- Orinoco (1934), foxtrot[3]
- Symphony No. 3 (1935)
- HMS Royal Oak (1935), jazzoratorium for forteljar, sopran, tenor, blanda kor og syfhonisk jazzorkester, etter ein tekst av Otto Rombach[6]
- Symfoni No. 4 (1937)
- Symfoni No. 5 (1938–39)
- Symfoni No. 6 Svobody for kor og orkester (1940)
- Symfoni No. 7, berre pianodel skriven (1941–42)
- Symfoni No. 8, ufullendt, berre pianodel skriven (1941–42)
- Divertimento for obo, klarinett og basun
- Suite for fiolin og piano
- Variations over eit original Dorian-tema og fugato, op. 10, tema, 15 variasjonar og fuge
Andersen, Rune J. (6. august 2013). «Erwin Schulhoff». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
Daniel Albright, red., Modernism and Music: An Anthology of Sources (University of Chicago Press, 2004), 327
Frank L. Battisti, The Winds of Change: The Evolution of the Contemporary American Wind Band/Ensemble and its Conductor (Meredith Music Publications2002), 35. "The Concerto is fashioned in the traditional three-movement concerto form with an energetic Hindmith-like first movement, a slow torchy second movement, and a final third movement with jazz references, including a tempo marking of 'slow fox,' as in fox trot. It was premiered in 1932 on a concert by the Czech Philharmonic."
Hollander, Hans (October 1935). «Musical Notes from Abroad: Czecho-Slovakia». Musical Times 76 (1112): 943.