Ernest Rutherford, Baron Rutherford of Nelson (30. august 1871–19. oktober 1937) var ein britisk fysikar, fødd på New Zealand. Han var ein av dei store pionérane innan atom- og kjernefysikken. Han mottok Nobelprisen i kjemi i 1908. Han er kjend som grunnleggjaren av den moderne eksperimentelle kjernefysikken, og gjorde mange forsøk som beviste teoretiske samanhengar. Han har mellom anna fått æra for å ha oppdaga alfa- og betapartiklar, han var den første som kom med teorien om atomkjernen og han gjennomførte den første spaltinga av eit atom.
Kjappe fakta Fødd, Død ...
Ernest Rutherford |
|
|
Fødd | 30. august 1871 Nelson på New Zealand, Spring Grove, Brightwater |
---|
Død | 19. oktober 1937 Cambridge |
---|
Nasjonalitet | New Zealand |
---|
Område | fysikk, kjernefysikk, kjemi, radioaktivitet |
---|
Yrke | kjernefysiker, kjemikar, fysikar, professor, politikar, universitetslærar |
---|
Institusjonar | Victoria University of Manchester McGill University Cavendish Laboratory University of Manchester |
---|
Alma mater | University of Canterbury University of Cambridge Trinity College i Cambridge Nelson College |
---|
Doktorgradsrettleiar | Alexander William Bickerton J.J. Thomson |
---|
Ektefelle | Mary Georgina Rutherford |
---|
Barn | Eileen Mary Rutherford |
---|
Medlem | Order of Merit Royal Society Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Det pavelege vitskapsakademiet Det bayerske vitskapsakademiet Det sovjetiske vitskapsakademiet Kungliga Vetenskapsakademien Det franske vitskapsakademiet American Academy of Arts and Sciences Det russiske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet American Philosophical Society Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen National Academy of Sciences Manchester Literary and Philosophical Society Accademia delle Scienze di Torino |
Lukk