Erling Johan Pettersen (fødd 21. februar 1950 i Bergen[1] er ein norsk teolog, prest og biskop i Stavanger bispedøme 2009–2017.[2] Han tok teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet i 1977 og praktisk-teologisk eksamen i 1979. Same året vart han ordinert til prest. Frå 1977-79 var han tilsett som lærar ved universitetet i Oslo, og var teologisk konsulent ved Diakonhjemmets sosialskole. Frå 1979 arbeidde han som konfirmasjonskonsulent i Kyrkjerådet. I 1985 vart han misjonsprest for Det norske misjonsselskap i Brasil. I perioden 1989-1996 var han instituttstyrar ved IKO. Frå 1996 til 2006 verka han som direktør i Kyrkjerådet. Frå 2006-07 hadde han ei prosjektstilling ved Det praktisk-teologiske seminar. Frå 2007 og fram til bispeutnemninga var han sokneprest i Nordstrand meinigheit i Oslo.
Erling Pettersen | |
Erling Pettersen Foto: Vidar Kristiansen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. februar 1950 (74 år) Bergen |
Yrke | prest |
Tittel | Biskop av Stavanger |
Periode | 2009–2017 |
Etterfylgjar | Ivar Braut |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Erling Pettersen på Commons |
Han har vore styreleiar i misjonsorganisasjonen Areopagos, styremedlem i Det praktisk-teologiske seminar, og leidde utforminga av KRL-faget i 1994-95.[3]
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.