Erik Tysse
From Wikipedia, the free encyclopedia
Erik Tysse (fødd 4. desember 1980) er ein norsk kappgjengar. Han har vunne 25 NM-gull og motteke 6 kongepokalar. I 2006- og 2007-sesongen var han mellom dei ti fremste i dei store internasjonale meisterskapane. Den beste internasjonale plasseringa hans er femteplassen på 50 km under VM i friidrett i Osaka i 2007. I 2007 sesongen vart Tysse og nummer to samanlagt i IAAF Race Walking Challenge. I 2010 vart han teken for doping og utestengt frå idretten i to år.[1]
Kjappe fakta
Erik Tysse | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. desember 1980 (43 år) Bergen |
Idrett | friidrett, kappgang |
Tok del i |
Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Lukk
Tysse er yngre bror til Kjersti Tysse Plätzer og han vert trena av svogeren sin, Stephan Plätzer. Han tevlar for Norna-Salhus og bur på Søfteland.