planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Snelleslekta (Equisetum) er ei slekt av fleirårige karsporeplantar som veks mest på fuktig jordsmonn, nokre artar til og med i vatn. Slekta omfattar 16-29 artar, avhengig av taksonomisk systematikk. Ho er den einaste nolevande slekta i snellefamilien (Equisetaceae).
Snelleslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karsporeplanter Pteridophyta |
Klasse: | Bregnar Polypodiopsida |
Orden: | Snelleordenen Equisetales |
Familie: | Snellefamilien Equisetaceae |
Slekt: | Snelleslekta Equisetum L., 1753 |
Sneller har karakteristiske ledda stenglar. Blada dannar uskinnbarlige slirer ved avslutningane til ledda. Nokre artar har òg kransar med sidegreiner rett under slirene.
Dei 18 artane av sneller som finst i dag er dei einaste overlevande restane av den store klassen snelleplantar som dominerte skogane i perm- og karbontida. Desse tidlegare snelleplantane var opptil 20 m høge tre med 1 meter stammediameter, og utgjorde eit stort bidrag til dagens steinkolførekomstar.
Sneller formeirar seg både vegetativt ved knoppskyting frå jordstenglar, og kjønna gjennom sporar. Det finst både stor- og småsporer (heterospori), som blir danna i sporehus anten i toppen av dei vanlege stenglane, eller på spesielle forplantingsstengler som ikkje er grøne.
Sneller er mykje brukt i både skule- og folkemedisin.
Plantar kjende som hesterumpe (Hippuris) har av og til blitt forveksla med snellar, men er ei heilt anna slekt. På engelsk blir både sneller (Equisetum) og hesterumpe kalla for horsetail, slik at dei to artane blir blanda saman språkleg sett.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.