Embrace of the Serpent
From Wikipedia, the free encyclopedia
Embrace of the Serpent (spansk El abrazo de la serpiente) er ein kolombiansk, internasjonalt samprodusert, film frå 2015, regissert av Ciro Guerra etter eit manus av Guerra og Jacques Toulemonde Vidal. Filmen følgjer to reiser med tretti års mellomrom i den kolombianske delen av Amazonas. Begge elvereisene er gjort under leiing av urfolksjamanen Karamakat og begge er søk etter den sjeldne planten yakruna. Filmen, som er skoten i svart-kvitt, vart inspirert av reisedagbøkene til den tyske etnografen Theodor Koch-Grunberg og biologen Richard Evans Schultes frå USA. Underliggande tema i filmen er gummiboomen i Amazonas og kolonialismen, og filmen er dedisert til tapte amazonaskulturar. Den svart-kvite kinematografien har likskap med daguerreotypifotografering av oppdagarar frå det tjuande hundreåret som opphavleg dokumenterte Amazonas og inspirerte filmen.[4]
Regi | Ciro Guerra | ||
---|---|---|---|
Produsent(ar) | Cristina Gallego | ||
Manus | Ciro Guerra, Jacques Toulemonde Vidal | ||
Medverkande | Jan Bijvoet, Brionne Davis | ||
Distributør | Hulu | ||
Utgjevingsdato | 2015, 21. april 2016 (Tyskland),[1][2] 24. september 2015 (Ungarn)[3] | ||
Lengd | 125 ±1 minutt | ||
Opphavsland | Mexico, Colombia, Venezuela, Argentina | ||
Språk | spansk | ||
Sjanger | eventyrfilm, dramafilm |
Embrace of the Serpent fekk først heider under Director's Fortnight-delen på filmfestivalen i Cannes 2015, der vann han Art Cinema Award. Etter det blei han synt fram i Colombia frå den 21. mai 2015, og over heile verda i løpet av dei følgjande tolv månadene. Han har fått universell heider frå kritikarar, som roste kinematografien og skildring av den kvite kolonialismen sin øydelegging av amazonasregnskogen og innverknaden på levesettet der. Filmen har vunne ei lang rekke prisar, inkludert Alfred P. Sloan-prisen på Sundance Film Festival 2016, Grand Jury-prisen for beste bilde på Riviera International Film Festival 2017, og sju prisar ved den tredje Platino Awards 2015, inkludert Platino Award for beste ibero-amerikanske film. I 2016 vart filmen sendt inn som Colombia sin kandidat til kategorien beste framandspråklege film ved den 88. Oscar-utdelinga. Han vart inkludert blant dei fem siste nominerte, og vart med det den første kolombianske filmen nokosinne som fekk ein nominasjon til ein Oscar-pris.