aserbajdsjansk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Eldar Qasımov (fødd 4. juni 1989) er ein aserbajdsjansk songar. Han er med i duoen Ell & Nikki, saman med Nigar Camal.
Eldar Qasımov | |||
Leyla Əliyeva, Eldar Qasımov og Nərgiz Birk-Petersen. | |||
Fødd | 4. juni 1989 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Baku i Den aserbajdsjanske sosialistiske sovjetrepublikken (no Aserbajdsjan) | ||
Fødenamn | Eldar Qasımov | ||
Alias | Eldar | ||
Opphav | Aserbajdsjan | ||
Aktiv | 2010–i dag | ||
Sjanger | pop, soul | ||
Instrument | piano, vokal | ||
Tilknytte artistar | Nigar Camal | ||
Verka som | songar, programleiar | ||
Prisar | Honorary Diploma of President of Azerbaijan Republic, Man of the year |
Ell & Nikki representerte Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2011 med songen «Running Scared» og enda på andreplass med 122 poeng i den fyrste semifinalen og vann med 221 poeng i finalen.
21. januar 2012 var han éin av fem musikarar frå Aserbajdsjan som deltok i ein internasjonal jury i Dansk Melodi Grand Prix 2012, den danske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan.[1]
Saman med Leyla Əliyeva og Nərgiz Birk-Petersen var han programleiar for Eurovision Song Contest 2012 som vart arrangert i den aserbajdsjanske hovudstaden Baku. I den andre semifinalen framførte han vinnarbidraget til den svenske gruppa ABBA frå 1974, «Waterloo», saman med Nigar Camal, Lena, Alexander Rybak, Dima Bilan og Marija Šerifović.[2] Han opna finalen saman med Nigar Camal då dei framførte sitt eige vinnarbidrag frå 2011, «Running Scared».
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.