From Wikipedia, the free encyclopedia
Ekaterina Dafovska[lower-alpha 1] (fødd 28. november 1975) er ein bulgarsk tidlegare skiskyttar frå landsbyen Tsjepelare i Smoljan oblast. Ho vart olympisk meister på 15 km under Vinter-OL 1998 i Nagano. I same øvinga vann to bronsemedaljar i høvesvis VM 1995 i Antholz og VM 1997 i Osrblie.
Ekaterina Dafovska | |
Statsborgarskap | Bulgaria |
Fødd | 28. november 1975 (48 år) Tsjepelare |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2002, biathlon at the 1998 Winter Olympics – women's individual |
Dafovska var ein særleg treffsikker skiskyttar, noko ho viste då ho slo gjennom under VM i skiskyting 1995 i italienske Antholz. Med 20 treff på 15 km overraska 19-årige Dafovska med å take bronsemedaljen i øvinga. To år seinare sikra ho seg ein ny bronsemedalje i spesialøvinga 15 km då verdsmeisterskapen vart avvikla i Osrblie i Slovakia.
Høgdepunktet for Dafovska kom under vinterleikane 1998 i Nagano. Med eitt bomskot lukkast ho å vinne OL-gullet på 15 km, ettersom dei sterkaste utfordrarane også fekk eitt tillegsminutt. Seinare vart ho nummer fem på 15 km både under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City og i VM i skiskyting 2005 i Hochfilzen.
Dafovska la opp som skiskyttar i 2006. Gjennom sine mange år i verdstoppen i skiskyting vann ho fem renn i verdscupen; to på 15 km, to jaktstartar og ein 7,5 km.
I 2010 vart Dafovska vald til president i det bulgarske skiskyttarforbundet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.