Standardatmosfære
From Wikipedia, the free encyclopedia
Standardatmosfære (symbol: atm) eller normalatmosfære er ei måleeining for trykk. Det er ikkje ei SI-eining. Den tiande Conférence Générale des Poids et Mesures[1] (Tiande CGPM) godkjende standardatmosfære for generell bruk og definerte han til å vere nøyaktig 1 013 250 dyn per cm2 (101 325 Pa). Denne verdien skal representere det midla lufttrykket i havnivå i Paris, men i praksis representerer han middeltrykket i havnivå for mange av dei av områda på liknande breiddegrad som Paris.