måleining for trykk og mekanisk spenning From Wikipedia, the free encyclopedia
Pascal (teikn Pa) er SI-eininga for trykk og mekanisk spenning. Det svarar til ein newton pr. kvadratmeter. Eininga er namngitt etter Blaise Pascal, ein framståande fransk matematikar, fysikar og filosof.
I meteorologi har millibar vore bruka for lufttrykk. Ved introduksjonen av SI-eininga føretrekte mange meteorologar å halde på den same storleiksordenen som dei var vane med. Dermed er det vanleg å nytte forstavinga hekto i staden for kilo.
I det tidlegare sovjetiske mts-systemet er eininga pieze, som svarar til ein kilopascal.
Standard atmosfæretrykk er 101 325 Pa = 101,325 kPa = 1013,25 hPa = 1013,25 mbar.
Den same eininga blir nytta til å måle stress, Youngs modul og tensil styrke.
(Sjå SI-forstavingar for hjelp om einingane.)
0,5 Pa | Atmosfærisk trykk på Pluto (omtrentleg tal frå 1988) |
1 kPa | Atmosfærisk trykk på Mars |
10 kPa | Trykket skapt av 1 m djupt vatn, eller droppet i lufttrykk når ein går frå havnivå og opp til 1000 meters høgde¹ |
101 325 Pa | Atmosfærisk trykk ved havnivå¹ |
10 MPa | Høgtrykkspylarar sender ut vatn med dette trykket |
100 MPa | Trykket på botnen av Marianergropa, omtrent 10 km under havoverflata¹ |
10 GPa | Diamant dannast |
100 GPa | Teoretisk strekkfastleik på karbonnanorør (CNTar) |
¹på Jordas overflate
Pascal (Pa) |
Bar (bar) |
Teknisk atmosfære (at) |
Atmosfære (atm) |
Torr (mmHg) |
Trykk i pund per kvadrattomme (psi) | |
---|---|---|---|---|---|---|
1 Pa | ≡ 1 N/m² | 10−5 | 10,197×10−6 | 9,8692×10−6 | 7,5006×10−3 | 145,04×10−6 |
1 bar | 100 000 | ≡ 106 dyn/cm² | 1,0197 | 0,98692 | 750,06 | 14,504 |
1 at | 98 066,5 | 0,980665 | ≡ 1 kgp/cm² | 0,96784 | 735,56 | 14,223 |
1 atm | 101 325 | 1.01325 | 1.0332 | ≡ 1 atm | 760 | 14.696 |
1 torr | 133.322 | 1.3332×10−3 | 1.3595×10−3 | 1.3158×10−3 | ≡ 1 mmHg | 19.337×10−3 |
1 psi | 6 894.76 | 68.948×10−3 | 70.307×10−3 | 68.046×10−3 | 51.715 | ≡ 1 lbf/in² |
Døme: 1 Pa = 1 N/m² = 10−5 bar = 10,197×10−6 ved = 9,8692×10−6 atm osv.
Merk: mmHg er ei forkorting for millimeter kvikksølv, og kalla torr.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.