Edward Lorenz
amerikansk matematikar (1917–2008) / From Wikipedia, the free encyclopedia
Edward Norton Lorenz (23. mai 1917–16. april 2008) var ein prislønt amerikansk matematikar, meteorolog og ein av pionerane innan kaosteorien. Han er spesielt kjent for sommarfugleffekten.
Kjappe fakta Fødd, Død ...
Lukk
Han studerte matematikk ved Dartmouth College i New Hampshire og Harvard University i Massachusetts. Under andre verdskrigen gjorde han teneste som varslingsmeteorolog for det amerikanske flyvåpenet. Etter krigen tok han opp studium i meteorologi ved Massachusetts Institute of Technology der han seinare var professor i mange år. I den perioden hadde han eit nært samarbeid med mellom andre norske Arnt Eliassen.