Edward Lear
britisk poet og skribent / From Wikipedia, the free encyclopedia
Edward Lear (12. mai 1812–29. januar 1888) var ein britisk forfattar, biletkunstnar og illustratør. Lear er i dag mest kjend for dei mange limerickane og nonsensversa sine, men han var òg teiknar og skreiv fleire reiseskildringar frå hans mange reiser i middelhavsområdet, blant anna i Hellas, Egypt og Albania, illustrerte med teikningar og akvarellar.
Edward Lear | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 12. mai 1812 Highgate |
Død |
29. januar 1888 (75 år) |
Yrke | skribent, lyrikar, illustratør, kunstmålar, romanforfattar, ornitolog, komikar, humorist |
Språk | engelsk |
Sjanger | landskapsmåleri, ornitologi |
Edward Lear på Commons |
Lear gav ut A Book of Nonsense («Ei nonsensbok») i 1846. Ho inneheldt meir eller mindre absurde og spøkefulle tullevers utforma som barneregler i limerickform. Boka var illustrert med eigne teikningar og var mynta på barn, men blei òg lesen av vaksne. Ho gjorde limerickforma populær og danna grunnlaget for den humoristiske sjangeren «nonsenslitteratur» i britisk litteratur. Samleutgåva The Complete Nonsense of E. L. kom ut i 1947. Eit døme: