Edsviken

From Wikipedia, the free encyclopedia

Edsvikenmap

Edsviken er ei lang, smal vik i Austersjøen som går gjennom dei svenske kommunane Danderyd, Solna og Sollentuna. Edsviken strekkjer seg frå Stocksund og Bergshamra i sør til Edsberg i nord. Vika er om lag 7,7 km lang og dekkjer eit areal på kring 3,6 km². Den største djupna er 20 meter. Edsviken munnar ut i Stocksundet ved Bergshamra og strøymer så ut i Lilla Värtan.

Thumb
Utsikt över Edsviken av Johan Christoffer Boklund, 1865.

Edviken er ein populær vassveg og vert nytta av fiskarar, båteigarar og til bading om sommaren, samt skeising om vinteren.

Vika har brakkvatn og eit unikt miljø for dyr- og planteliv. Forskjellige kyst- og våtmarksplanter veks rundt Edsviken, som vassforglemmegeiei sjeldan plante i Sverigehavsevaks og tang. Tjeld og kvitkinngås hekkar begge ved Edsviken, som òg har eit rikt fiskeliv med åbor, brasme , gjedde, hork, sandart og stundom sild.

Breidda av Edsviken er berre delvis utbygd. Langs vika finn ein mellom anna Danderyds sjukhus, Ulriksdal slott, Sollentuna bygdefort, Kevinge gård og Stockholm golfklubb. I sørvest ligg Ekoparken nasjonale bypark.

Kjelder

Bakgrunnsstoff


59°25′19″N 17°59′15″E


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.