![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b4/Edinburgh_Internation_Festival_Fireworks_2016_%252829217591922%2529.jpg/640px-Edinburgh_Internation_Festival_Fireworks_2016_%252829217591922%2529.jpg&w=640&q=50)
Edinburgh International Festival
From Wikipedia, the free encyclopedia
Edinburgh International Festival er ein årleg kulturfestival i Edinburgh i Skottland som føregår spreidd over dei siste tre vekene av august. Kjende personlegdommar frå den internasjonale musikkverda, sæleg innan klassisk musikk, og frå utøvande kunst blir inviterte til festivalen. Det blir også halde utstillingar, førelesingar og workshops.
![]() Fyrverkeri ved festivalen | |||
Tid | August sidan 1947 | ||
---|---|---|---|
Stad | Edinburgh i Skottland |
Den fyrste festivalen, kalla International Festival of Music and Drama, føregjekk frå 22. august til 11. september 1947. Den fyrste direktøren for festivalen, den austerriksk-fødde impresarioen Rudolf Bing, innførte eit variert program med orkester-, kor- og kammermusikk, lieder og annan song, opera, ballett, drama, film og skotsk sekkepipemusikk og dansing ved Edinburgh Castle Esplanade. Denne strukturen blei følgd i påfølgjande år.[1]
Festivalen er blitt halden årleg sidan 1947, bortsett frå i 2020, då han blei avlyst på grunn av koronapandemien.[2] Ei mindre utgåve av festivalen blei halden i 2021.