Earl Grey
From Wikipedia, the free encyclopedia
Earl Grey er ei teblanding som inneheld svart te med smak og aroma frå bergamottappelsinolje.[1] Teen er ein av dei mest kjende og populære tesortane. Det finst òg ulike variantar av Earl Grey-te, som Lady Grey og Earl Red.
Tradisjonelt har nemninga Earl Grey vore brukt om svart te produsert av Twinings, men i dag blir Earl Grey òg nytta om grøn og kvit te med smak av bergamott frå ei rekke ulike produsentar.