Eagles av Eagles
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eagles er debutalbumet til rockebandet Eagles, gjeve ut i 1972. Albumet vart spelt inn i Olympic Studios i London med produsenten Glyn Johns. Albumet vart ein umiddelbar suksess for det unge bandet og nådde 22. plassen på den amerikanske albumlista, og selde til platinaplate. Albumet inneheldt tre singlar som nådde topp 40 på singellista i USA med «Take it Easy», «Witchy Woman» og «Peaceful Easy Feeling». Dei tre singlane nådde høvesvis 12., 9. og 22. plassen. Albumet spelte ei stor rolle i å popularisere countryrockstilen frå Sør-California. I 2003 vart albumet rangert på 374. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Singelen «Take It Easy» er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over «500 songar som forma Rock and Roll». Albumet var meint for ei utgjeving i kvadrofonisk lyd, og fekk til og med eit kvadrofonisk kataolognummer, men kom aldri ut på dette formatet. I dokumentarfilmen History of the Eagles avslørte Glenn Frey at bandet var alle på peyote då bileta til omslgaet vart tekne i Joshua Tree nasjonalpark.[2][3]
Eagles Studioalbum av Eagles | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. juni 1972 | |
Innspelt | Februar 1972 | |
Studio | Olympic Studios, London | |
Sjanger | ||
Lengd | 37:19 | |
Selskap | Asylum | |
Produsent | Glyn Johns | |
Eagles-kronologi | ||
---|---|---|
Eagles | Desperado (1973) | |
Singlar frå Eagles | ||
|