EM i friidrett 1986
From Wikipedia, the free encyclopedia
Europameisterskapen i friidrett 1986 vart avvikla frå 26. til 31. august 1986 på Neckarstadion i Stuttgart. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 24 øvingar for menn og 19 for kvinner.
Under meisterskapen vart det sett tre nye verdsrekordar, og ein fjerde vart tangert. Jurij Sedykh frå Sovjetunionen nådde 86,74 meter i sleggjekast, gjeldande verdsrekord også i 2013. Marina Stepanova, også frå Sovjetunionen, sprang 400 meter hekk på 53,32 sekundar. Britiske Fatima Whitbread kasta spydet 77,44 meter under kvalifiseringa. Heike Drechsler frå Aust-Tyskland tangerte gjeldande verdsrekord på 200 meter med tida 21,71 sekundar.
Franskmanenn Stéphane Caristan sette to europarekorder på 110 meter hekk, med tida 13,28 sekundar i semifinalen og så med 13,20 sekundar i finalen. Klaus Tafelmeier frå Vest-Tyskland sette med 84,76 meter ny europarekord med den nye spydtypen.
Norske Ingrid Kristiansen vart europameister på 10000 meter. Hennar landsmenn Knut Hjeltnes og Lars Arvid Nilsen kom på høvesvis fjerde- og femteplass i diskoskast og kulestøyt, medan Bente Moe vart numemr seks i maraton.