![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/6c/UEFA_Euro_2024_logo.svg/langnn-640px-UEFA_Euro_2024_logo.svg.png&w=640&q=50)
EM i fotball 2024
From Wikipedia, the free encyclopedia
Europameisterskapen i fotball 2024 blir den 17. europameisterskapen i fotball for menn. Meisterskapen blir arrangert i Tyskland frå 14. juni til 14. juli 2024.
![]() | Aktuell hending: Denne artikkelen inneheld informasjon om ei aktuell hending. Informasjonen kan derfor vere utdatert, bli endra eller innehalde feil. |
EM i fotball 2024 | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
![]() | ||||||
Arrangement | ||||||
Lag i sluttspelet | 24 | |||||
Vertsland | ![]() | |||||
Arenaer | 10 (i 10 byar) | |||||
Dato | 14. juni—14. juli 2024 | |||||
Plasseringar | ||||||
Meister | ![]() | |||||
Andreplass | ![]() | |||||
Kampar | ||||||
Kampar | 51 | |||||
Toppskårar | Seks spelarar (3 mål kvar) | |||||
Navigasjon | ||||||
|
Det vil vere den tredje gongen europameisterskapen blir spelt på tysk territorium og andre gongen i eit sameint Tyskland sidan Vest-Tyskland arrangerte meisterskapen i 1988, og fire av kampane i 2021-meisterskapen blei spelte i München. Det vil vere den fyrste gongen at meisterskapen blir spelt i det som var ein del av det tidlegare Aust-Tyskland, med Leipzig som ein av vertsbyane, i tillegg til at eit sameint Tyskland er einaste vertsnasjon.[1] Meisterskapen går tilbake til den vanlege syklusen med 4 år mellom kvar meisterskap, etter at 2020-meisterskapen blei utsett til 2021 på grunn av koronapandemien.
Spania vann meisterskapen for fjerde gong, etter å ha slege England 2–1 i finalen.