Dzerzjinskij
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dzerzjinskij (russisk Дзержи́нский) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Moskva, 20 km sør for Moskva sentrum.
- Denne artikkelen er om den russiske byen. For kommunistleiaren, sjå Feliks Dzerzjinskij
Kjappe fakta Plassering, Styresmakter ...
Dzerzjinskij Дзержинский | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Moskva oblast | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1921 1981 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
16 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
44 306 2 769,1 /km² | ||||
Koordinatar | 55°38′N 37°51′E | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Retningsnummer (tlf) | 495 | ||||
Nettstad: www.ugresh.ru |
Lukk
Industrien i byen består av eit varmekraftverk, ein betongfabrikk og kjemisk industri.
Historia til byen er nært knytt til Nikolo-Ugresjklosteret, som ligg midt i byen. Klosteret vart grunnlagt ca. 1380 etter ordre frå knjaz Dmitrij Donskoj, og kalla opp etter St. Nikolas, som Donskoj i følgje segna såg i ein draum medan han gjorde seg klar til det lange felttoget mot horden til Mamai.
Grunnlegginga av byen vert rekna som 1921. I 1938 fekk busetnaden status som urbanliknande busetnad, og han fekk bystatus i 1981.