Dvergplaneten Haumea
From Wikipedia, the free encyclopedia
Haumea (tidlegare offisielt kalla 2003 EL61; symbol: )[1] er ein av fem dvergplanetar i solsystemet. Han ligg i kuiperbeltet og har omtrent ein tredjedel av massen til Pluto. Han blei oppdaga av J. L. Ortiz og laget hans ved Sierra Nevada-observatoriet i Spania og Mike Brown si gruppe hos Caltech i USA. Minor Planet Center (MPC) gjev offisielt æra for oppdaginga til gruppa til Ortiz, som var først ute med å offentleggjera oppdaginga av objektet.
Haumea og dei to månane | |
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av | Ortiz et al. / Brown et al. |
Oppdagingsdato | 25. juli 2005 |
Baneskildring | |
Epoke 18. august 2005 (JD 2453600,5) | |
Aphel | 7708 mill. km (51,526 AE) |
Perihel | 5260 mill. km (35,164 AE) |
Eksentrisitet | 0,18874 |
Banehelling | 28,19° |
Fysiske eigenskapar | |
Dimensjonar | ~1960×1518×996 km (~1500 km) |
Masse | (4,2±0,1)×1021 kg |
2,6–3,3 g/cm³ | |
0,84 km/s | |
0,16314±0,00001 d (3,9154±0,0002 t) | |
Albedo | 0,7±0,1 |
Haumea blei i 2008 namnsett etter gudinna for barnefødsel og fertilitet i hawaiisk mytologi.[2]
Haumea sine to månar, hurtige rotasjon, høge albedo og ekstremt avlange form gjer han til eit særs uvanleg objekt blant dei klassiske kuiperbelte-objekta. Det er sannsynlegvis den største medlemen av ein kollisjonsfamilie som blei danna under éin enkelt kollisjon som òg er ansvarleg for dei uvanlege karakteristikkane til objektet.