Duets av Elton John
From Wikipedia, the free encyclopedia
Duets er det tjuefjerde studioalbumet til Elton John. Det kom ut i 1993. Duets vart gjeven ut på enkel CD og på dobbel vinyl-LP i Storbritannia. Det var opphavleg eit juleprosjekt for Elton John, men det prosjektet vart etter kvart til eit eige album. Konsertversjonen av «Don't Let the Sun Go Down on Me» med George Michael, hadde alt vore ein stor hit i 1991. Tre singlar vart gjevne ut frå albumet i Storbritannia: «True Love» (med Kiki Dee, nådde 2. plass), «Don't Go Breaking My Heart» (med drag queen RuPaul, nådde 7. plass) og «Ain't Nothing Like the Real Thing» (med Marcella Detroit, nådde 24. plass). Dette er det einaste albumet til John mellom 1983 og 2010 utan gitaristen Davey Johnstone.
)
Duets Studioalbum av Elton John | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. november 1993 | |
Innspelt | August – oktober 1993 | |
Sjanger | Rock, pop | |
Lengd | 74:39 | |
Selskap | MCA (USA) Rocket (Storbritannia) | |
Produsent | Forskjellige (sjå under) | |
Elton John-kronologi | ||
---|---|---|
Rare Masters (1992) |
Duets | The Lion King (1994 |
Singlar frå Duets | ||
|
I USA selde albumet til gullplate og platinaplate i januar 1994.