Ductus arteriosus
blodåre mellom lungepulsåra og aorta descendens / From Wikipedia, the free encyclopedia
Ductus arteriosus (frå latin ductus gang, tidlegare kalla Ductus Botalli) er ein føtal shunt og ein særs viktig del av fostersirkulasjonen. Han er ein blodåre mellom lungepulsåra og aorta (livpulsåra).
Lungene er ikkje i bruk som pusteorgan i fostertida og treng difor ikkje mykje blod. Samstundes pumpar høgre hjartekammer (som normalt pumpar blod til lungane) meir blod enn venstre. Mykje av dette blodet går difor ut av hjartet gjennom lungepulsåra, men tar vegen gjennom ductus arteriosus til aorta og systemkretsløpet. Utveklingsmessig er ductus arteriosus danna av den sjette gjellebogen.
Ductus arteriosus lukkar seg normalt i løpet av dagar etter fødselen. At oksygentensjonen i blodet stig er den viktigaste årsaka til lukkinga. Ductus arteriosus gror då helt igjen og blir omdanna til eit bindevevsdrag, ligamentum arteriosum. Av og til kan lukkinga ta nokre veker og somme tider blir det ein opning livet ut. Ved nokre medfødde hjartefeil er pasienten avhengig av ductus arteriosus for å leva, så lenge han er uoperert. Ein kan då halde han oppe med tilførsel av prostaglandin. Dersom pasienten må vente lenge på operasjon kan ein i nokre høve leggje inn eit røyr (stent) med kateterteknikk for å halde han open.