From Wikipedia, the free encyclopedia
Prostaglandin er ei viktig gruppe av lipid. Dei blir danna frå fleirumetta feittsyrer ved hjelp av enzym. Alle prostaglandin har 20 karbonatom, inkludert ein fem-ring. Dei er signalsubstansar og har ei rekkje fysiologiske verknader. Dei blir klassifiserte som lokalt verkande hormon.[1]
Prostaglandina utgjer prostanoida, saman med tromboksana. Prostanoida er ei undergruppe av eicosanoida.
Namnet prostaglandin er avleidd frå prostata. Prostaglandin blei først funne i sædvæske i 1935 av to forskarar uavhengig av kvarandre, svensken Ulf von Euler,[2] og M.W. Goldblatt,[3] Dei trudde stoffet kom frå prostata, i røynda kom det frå sædblærene. Seinare blei det vist at prostaglandinar blir laga mange stader i kroppen.
I 1971 blei det vist at lækjemiddel av aspirin-typen kunne hindre syntesen av prostaglandin. I 1982 fekk biokjemikarane Sune K. Bergström, Bengt I. Samuelsson og John R. Vane Nobelprisen i medisin i lag for forskinga si på prostaglandin.
Det er for tida ni kjente prostaglandinreseptorar på ulike celletypar. Prostaglandin har såleis verknad på celler som muskelceller i veggen på blodkar som opnar eller stenger, på blodplater og er årsak til samanklumping eller oppløysing og på nerveceller som gjev smerte. Dei formidlar betennelse, regulerer kalsium-transport, hormon og cellevekst.
Prostaglandina har kraftig verknad, men ei kort levetid. Dei verkar difor berre på cella dei blir produsert i eller celler rett i nærleiken.
Lækjemiddel som NSAIDar, kortikostereoid og COX-2 selektive inhibitorar verkar inn på prostaglandinsyntesen.
Syntetiske prostaglandin blir brukte:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.