![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/23/Dubai_aerial_view.jpg/640px-Dubai_aerial_view.jpg&w=640&q=50)
Dubai
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dubai (arabisk دبي, Dubayy) er den største byen i Dei sameinte arabiske emirata (UAE).[2] Han ligg på søraustkysten av Persiabukta og er eit av dei sju emirata som utgjer landet. Abu Dhabi og Dubai er dei einaste to emierata som har vetomakt i viktige nasjonale saker.[3] Byen Dubai ligg på nordkysten av emiratet i Dubai-Sharjah-Ajman storbyområde.
Dubai | |||
دبي | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Emirat | Dubai | ||
Koordinatar | 24°57′N 55°20′E | ||
Areal | 4 114 km² [1] | ||
Folketal | 2 106 177 (2013) | ||
Folketettleik | 512 / km² | ||
Emir | Muhammed bin Rashid Al Maktoum | ||
Tidssone | UAE standardtid (UTC+4) | ||
![]() Dubai 25.269722222222°N 55.309444444444°E / 25.269722222222; 55.309444444444 | |||
Wikimedia Commons: Dubai | |||
Nettstad: Dubai Emirate Dubai kommune Dubai Tourism | |||
Dubai har utvikla seg til å bli ein global by og storsenter for forretningar i Midtausten.[4] Han er òg eit stort transportknutepunkt for passasjerar og varer. I 1960-åra var økonomien i Dubai basert på handel, og til ein viss grad, oljekonsesjonar, men det vart ikkje oppdaga olje før i 1966. Oljeinntektene byrja først å strøyme inn i 1969.[5] Oljeinntektene sette i gang den første utviklinga av byen, men reservane var små og produksjonsnivået lågt, så i dag kjem mindre enn 5 % av inntektene i emiratet frå olje.[6] Den vestlege forretningsmodellen i emiratet driv økonomien og dei største inntektene er no turisme, luftfart, eigedom og finanstenester.[7][8][9] Dubai har fått mykje merksemd i verda gjennom nyskapande, store byggeprosjekt og idrettsarrangement. Byen har blitt symbolsk for skyskraparane sine, særleg den høgaste bygningen i verda, Burj Khalifa. Dubai har blitt kritisert for brot på menneskerettar, særleg mot den sørasiatiske arbeidsstyrken i landet.[10] Eigedomsmarknaden i Dubai opplevde eit fall i 2008-2009 etter finanskrisa i 2007–2008,[11] men økonomien i emiratet er igjen i vekst og går sidan 2015 med overskot.[12]
I 2012 var Dubai den 22. dyraste byen i verda og den dyraste i Midtausten.[13] I 2014 var hotellrom i Dubai rangert som dei nest dyraste i verda, etter Geneve.[14] Dubai var rangert som den beste staden å bu i Midtausten av det amerikanske globale rådgjevingsselskapet Mercer.[15]