![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/22/1909_Dominion_Penny_Universal_Stamp.jpg/640px-1909_Dominion_Penny_Universal_Stamp.jpg&w=640&q=50)
Dominion
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dominion (av engelsk, frå latin 'velde, herredøme') var opphavleg eit uttrykk for alle britiske besittelsar, men blei seinare brukt om dei heilt sjølvstyrte delane av Det britiske samveldet, i første rekke Canada.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/22/1909_Dominion_Penny_Universal_Stamp.jpg/320px-1909_Dominion_Penny_Universal_Stamp.jpg)
Balfour-deklarasjonen av 1926 erklærte dominion som sjølvstyrande samfunn i Det britiske riket.[lower-alpha 1] Statute of Westminster 1931 gav dei fullt lovgjevande sjølvstende. I 1947 avgjorde den britiske regjeringa at dominionane skulle kallast Members of the Commonwealth eller Commonwealth Countries, og nemninga dominion er etterkvart gått ut av bruk.