Slukhol
From Wikipedia, the free encyclopedia
Søkkehol, slukhol eller doline (av slovensk for «liten dal») er eit omgrep på når landskapet søkk fordi jordsmonnet i området er blitt undergravd. Slukhola kan vere frå nokre meter til opp mot 1 km i diameter.
Der det er mykje kalkstein i jordsmonnet er det størst risiko for slukhol. Dette kan skje langsamt gjennom kjemisk oppløysing av den underliggande bergarten, eller katastrofalt ved at overflata kollapsar ned i holrom. Det kan òg oppstå slukhol der elveløp går under jorda, ei såkalla nedløpsdoline.
Ein deler vanlegvis dolinene inn i fire kategoriar: Oppløysingsdoline, kollapsdoline, suffosjons- eller lausmassedoline og subsidensdoline. I somme tilfelle kan lausmassedoliner forvekslast med dødisgroper, men som regel har den indre skråingen på dolinene rasvinkel og det er ofte kalkstein i botnen. I alpine og subarktiske strok kan ein finne snødoliner som er sprekkeforma natursjakter.
Doliner er vanleg i karstområder i Nord-Noreg, til dømes i Rana. I 2010 oppstod det eit slukhol i Guatemala by som var 60 meter djup[1]. Dette var skapt av store vassmengder.