Subsidens
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Subsidens er ei nedoverretta rørsle av ei flate (vanlegvis jordoverflata innan geologi, ingeniørvitskap og landmåling) eller atmosfæriske luftmassar (brukt i meteorologi).
Subsidens eller setning i geologi er ei langsam samansenking i undergrunnen på grunn av mekanisk belastning, som vekta av bygningar, eller ved landheving. Ved setning kan det oppstå strukturelle skadar på bygningar og andre konstruksjonar, kalla setningsskadar.
Den mest vanlege årsaka til subsidens i atmosfæren er låge temperaturar. Når lufta vert avkjølt får ho større tettleik, vert tyngre og søkk mot overflata, på same måte som oppvarma luft stig oppover. Subsidens fører vanlegvis til høgtrykk når luft søkk mot bakken over større område. I polare høgtrykk har ein nesten konstant subsidens, og det same har ein over subtropiske område. Desse områda med subsidens er noko av opphavet til mange av dei framherskande vindsystema i verda, som passatvindane. Subsidens på mindre skala kan gje vêrfenomen som tåke. Ein ekstrem form for subsidens er fallvind som kan gje liknande øydeleggingar som ein tornado, medan ei mildare form for subsidens vert kalla nedvind.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.