![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d1/Dema.jpg/640px-Dema.jpg&w=640&q=50)
Djoma
From Wikipedia, the free encyclopedia
Djoma (russisk Дёма) er ei elv i Basjkortostan i Russland og ei av sideelvane til Belaja frå venstre i nedslagsfeltet til Volga. Elva er 535 km lang, med eit nedbørfelt på 12 800 km² og ei middelvassføring på 35 m³/s.
Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Djoma | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 12 800 km² | ||
Lengd | 535 km | ||
Middelvassføring | 35 m³/s | ||
Munning | Kama | ||
![]() Djoma 54.713888888889°N 55.913055555556°E / 54.713888888889; 55.913055555556 | |||
Wikimedia Commons: Dyoma River | |||
Lukk
Ho har kjelda si på nordsida av Obsjtsjij Syrt-høgdene i grenseområdet til Orenburg oblast. Djoma renn nordaustover og inn i Basjkortostan, der ho dannar ein brei dal. Elva renn her sakte, i eit sterkt svingande elveløp med mange meanderar og kroksjøar, særskild i den nedste strekninga før ho munner ut i Belaja.
Byen Davlekanovo ligg ved Djoma og elvemunningen ligg innanfor grensen til byen Ufa, i bydelen Djoma, som er kalla opp etter elva.