Brøk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein brøk er ein måte å representere eit tal på ved hjelp av divisjon. Talet over brøkstreken blir kalla teljar, og talet under brøkstreken vert kalla nemnar. Nemnaren må vere ulik frå null. Dersom teljar er større enn nemner kallast brøken uekte, elles blir han kalla ekte. Ein brøk der teljar og nemnar er heiltal kallast eit rasjonalt tal.
Ein brøk representerer det eksakte talet ein får ved å dividere teljaren med nemnaren. Dømet med representerer dermed 2 : 3, som uttrykt med desimalbrøk er ca. 0,6667. Dette talet kan faktisk ikkje skrivast heilt nøyaktig som desimaltal, så ein brøk kan vere nyttig viss ein ynskjer å berekne noko heilt nøyaktig.
I algebraen opererer ein òg med brøkar der teljar og/eller nemnar er bokstavuttrykk. Desse blir kalla rasjonale uttrykk.
- Ein stambrøk er ein brøk med teljar lik 1, til dømes .