amerikansk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Diva Muffin Zappa (fødd 30. juli 1979) er ein amerikansk artist og skodespelar, og det yngste barnet til musikaren Frank Zappa.
Diva Zappa | |||
Fødd | 30. juli 1979 (45 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles | ||
Fødenamn | Diva Muffin Zappa | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | filmskodespelar, skodespelar, songar, gründer, komponist, fjernsynsskodespelar, motedesigner | ||
Mor | Gail Zappa | ||
Far | Frank Zappa |
Zappa vart fødd i Los Angeles som dotter av Frank og Gail Zappa. Ho har tre sysken, Moon Unit, Dweezil og Ahmet.
Ifølgje faren Frank fekk ho namnet Diva «på grunn av den høge stemma hennar. Ho kunne høyrast på 300 meter».[1]
Diva Zappa spelte i den første filmen sin i 1998, Anarchy TV, i lag med dei eldre syskena hennar. Sidan den gongen har ho vore med i Children of the Corn V: Fields of Terror (1998), National Lampoon's Pledge This! (2006), og forskjellige fjernsynsseriar som Felicity, Brothers & Sisters og The Mighty Boosh.
I 1999 gav Zappa ut komediesingelen «When the Ball Drops».[2] Tipper Gore spelte trommer på innspelinga[2] og Kristen Gore song korvokal.[3]
Zappa driv sitt eige selskap kalla «Hand Made Beauty» der ho sel sin sjølvdesigna og sjølvlaga klede.[4] Kleda er hovudsakleg strikka eller hekla.[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.