![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7c/Theatre_of_Dionysus_1.jpg/640px-Theatre_of_Dionysus_1.jpg&w=640&q=50)
Dionysosteateret
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dionysosteateret like ved Akropolis i Aten var eit viktig friluftsteater i Hellas i antikken, og eit av dei tidlegast verna områda frå det klassiske Aten. Det vart brukt til festivalar til ære for guden Dionysos. Greske teater i oldtida var i mange tilfelle av enorme dimensjonar, men under ideelle tilhøve publikumsmessig og vêrmessig, var akustikken perfekt (målt med dagens instrument). Det er kjent at Dionysosteateret i Aten hadde plass til 17 000 tilskodarar, og teateret i Epídavros kan framleis romma 14 000.[1] I gresk tradisjon vart det hevda at Dionysos sjølv var ansvarleg for bygginga.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Dionysosteateret | |||
![]() | |||
Opna | 5. hundreåret f.Kr. | ||
---|---|---|---|
Stil | Gresk arkitektur | ||
![]() Dionysosteateret 37.970404°N 23.727777°E / 37.970404; 23.727777 |
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/9c/Dionisov_teatar_u_Akropolju.jpg/640px-Dionisov_teatar_u_Akropolju.jpg)
Skråninga på sørsida av Akropolis har to teater, Dionysosteateret og Herodes Atticus (gresk: Iródis o Attikós). Dionysosteateret er ikkje så godt verna som det andre, men har hatt større tyding. Strukturen kan verta attende datert til 300-talet f.Kr. Det har hatt fleire seinare renoveringar. Etter athensk tradisjon markerte Dionysosteateret byrjinga på gresk teatertradisjon. Teateret utvikla seg til ei religiøs feiring til ære for guden Dionysos. Teateroppføringane utvikla seg etterkvart til konkurransar i Dionysos si and. Vinnaren fekk gjerne premiar, tripoder. Vinnaren sin tripod kunne plasserast i teateret, eller langs gata til teateret.[2]