italiensk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Dino Zoff (fødd 28. februar 1942 i Mariano del Friuli i provinsen Gorizia) er ein italiensk tidlegare fotballkeeper og -trenar. Han var kaptein for Italia då landet under VM i fotball 1982 vann sin tredje VM-tittel.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødselsdato | 28. februar 1942 (82 år) | ||
Fødestad | Mariano del Friuli i Italia | ||
Høgd | 182 cm | ||
Posisjon | Målvakt | ||
Ungdomsklubbar | |||
Udinese Calcio | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1961–1963 | Udinese | 38 | (0) |
1963–1967 | Mantova | 131 | (0) |
1967–1972 | Napoli | 143 | (0) |
1972–1983 | Juventus | 330 | (0) |
Totalt | 642 | (0) | |
Landslag‡ | |||
1968–1983 | Italia | 112 | (0) |
Trenar for | |||
1988–1990 | Juventus | ||
1990–1994 | Lazio | ||
1996–1997 | Lazio | ||
2001 | Lazio | ||
2005 | Fiorentina | ||
Landslagstrenar for | |||
1998–2000 | Italia | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. mai 2007 ‡ Landslagsmål oppdatert 17. mai 2007 |
Zoff spelte 112 landskampar og deltok i fire verdsmeisterskap. I 1982 krona han den 22-årige karrieren som 40-åring ved å vinne VM i Spania. Han er den eldste fotballspelaren som er blitt verdsmeister (per 2009).
Zoff sette fleire rekordar i løpet av karrieren, mellom anna spelte han i perioden frå 20. september 1972 og 15. juni 1974 heile 1143 minutt på landslaget utan å sleppe inn mål. For klubben Juventus spelte han kvar einaste seriekamp 330 serierundar på rad. Han spelte i alt 570 Serie A-kampar.
Som trenar vann Dino Zoff UEFA-cupen 1989/90 med Juventus. Seinare trente han Lazio og Fiorentina. Etter VM 1998 overtok han treneransvaret for det italienske landslaget etter [Cesare Maldini, og to år seinare tok Italia sølv i EM. Etter tapet (1-2) mot Frankrike på Golden Goal trekte han seg som landslagstrenar same kveld. Etterfølgjaren til Zoff vart Giovanni Trapattoni.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.