Deweys desimalklassifikasjon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Deweys desimalklassifikasjon (DDK, også kalla Deweysystemet) er eit system for biblioteka sin klassifikasjon av bøker og andre informasjonsbærarar. Systemet vart utvikla av den amerikanske bibliotekaren Melvil Dewey (1851–1931) i 1876.
Systemet har i prinsippet internasjonal utbreiing. Det vert brukt i Noreg, i ein tillempa versjon i Danmark, men berre i liten grad i Sverige.
I USA arbeider biblioteka no etter 21. utgåve av DDK. 5. forkortede norske utgave vart utgjeve i 2002 av Norsk komité for klassifikasjon og indeksering (NKKI) , med 21. amerikanske utgåve som kjelde.
Systemet er delt inn i ti hovudkategoriar:
- 000 Referanse, informasjon og datamaskinar
- 100 Filosofi, psykologi, etikk
- 200 Religion
- 300 Samfunnsvitskap
- 400 Språk
- 500 Naturvitskap og matematikk
- 600 Teknologi og anvend vitskap
- 700 Kunst og fritidsaktiviteter
- 800 Litteratur
- 900 Historie, biografi og geografi
I Noreg vart DDK innført av Haakon Nyhuus.