Detmold
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Detmold er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 75 000 innbyggjarar. Byen var hovudstad i det litle fyrstedømet Lippe frå 1468 til 1918 og så i fristaten Lippe fram til 1947. I dag er han administrativt sete for kreisen Lippe og regierungsbezirk Detmold.
Detmold | |
---|---|
Slott i Detmlod | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Nordrhein-Westfalen Detmold Lippe |
Først nemnd i | 783 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
{{{totalareal}}} km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
73 707 570/km² |
Koordinatar | 51°56′0″N 08°53′0″E |
Høgd over havet | 134 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 32701-32760 |
Telefon-retningsnummer | 05231 |
Bilnummer | LIP |
Heimeside: www.detmold.de |
Detmold vart først nemnd i 783 som Theotmalli, og i 1005 vart området (Gau) Tietmelli eller Theotmalli nemnd i skriftlege kjelder. I 1263 bygde Bernard III av Lippe festningsverk rundt busetnaden der handelsruta mellom Paderborn og Lemgo kryssa elva Werre. Han bygde steinmurar og gav staden kommunerettar. Folketalet i 1305 vart rapportert til 305. Handelsrettar vart gjevne i 1265, noko som førte til rask økonomisk vekst. Forsvarsverka vart kraftig utbygd då byen vart kraftig øydelagd under ein konflikt med Soest i 1447. Ein storbrann i 1547 øydela meir enn 70 hus.
I 1550 vart Detmold fast residens for grev Simon III av Lippe. Grevane vart promotert til fyrstar i 1789, og Detmold vart verande hovudstad av det vetle fyrstedømet fram til slutten av den første verdskrigen i 1918, då alle fyrstedøma i Tyskland vart avskaffa.
Under grev Friederich Adolf vart byen utvida sørover frå 1701 og framover. For å kunne vekse vidare vart festningsmurane og vollgravene fjerna i 1720, men portane og tårna stod fram til 1780-åra. I 1809 vart det introdusert oljefyrte gatelys introdusert. I 1835 hadde byen vorte den mest folkerike i Lippe med over 4 000 innbyggjarar. Han voks til 12 000 innbyggjarar i 1900 og over 30 000 i 1950.
Frå 1919 til 1947 var Detmold hovudstad i Fristaten Lippe. Då Lippe vart ein del av den nye tyske staten vart området ein del av Nordrhein-Westfalen, og administrasjonssete i kreisen Lippe. Under den administrative reforma i 1970 vart 25 nærliggande landsbyar ein del av byen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.