Determinativ
From Wikipedia, the free encyclopedia
Determinativ er namnet på ei klasse ord som står til substantiv og som på ein eller annan måte fastset, peikar ut eller presiserer den tingen substantivet viser til: I «bilen min» peiker «min» ut ei viss eining i mengda av bilar, nemleg den bilen som høyrer til talaren. I «fem bøker» fastset «fem» kor mange bøker det er – dvs. at det er tale om fem av alle bøker. Determinativa skil seg frå pronomena ved at pronomen kan stå i staden for substantivfraser (guten - han jamført med guten - guten min).
Denne grammatikkframstillinga viser til tilhøva i norsk og byggjer mellom anna på framstillinga i Norsk referansegrammatikk og tilrådingane frå Norsk Språkråd.[1] Somme determinativ har genus- og talbøying - andre ikkje.