![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e0/Komediehuset_p%25C3%25A5_Engen_%25E2%2580%2593_Bergen_The_old_theatre.jpg/640px-Komediehuset_p%25C3%25A5_Engen_%25E2%2580%2593_Bergen_The_old_theatre.jpg&w=640&q=50)
Det norske Theater
From Wikipedia, the free encyclopedia
Det norske Theater var eit teater i Bergen skipa i 1850 og nedlagd i 1863, då det gjekk konkurs.[1][2] Ole Bull og medhjelparar som Frits Jensen og Magdalene Thoresen fekk i gang drifta av teateret, som sidan hadde både Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson som tilsette.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Det Norske Teatret.
Det norske Theater | |||
![]() Komediehuset på Engen som husa Det norske Theater og Den Nationale Scene i dei første åra, til ein ny teaterbygning blei oppført. | |||
Skipa | 2. januar 1850 | ||
---|---|---|---|
Leiar | Direktør Peter Blytt, instruktørar: Fritz Jensen, Herman Laading, Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson | ||
Oppløyst | 17. mai 1863 |
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/5c/Det_norske_Theater_1850.jpg/320px-Det_norske_Theater_1850.jpg)
Teateret blei innvigd med ei førestilling på stiftingsdagen den 2. januar 1850, ein dato som også i åra etter blei feira med premiereførestillingar. Det første stykket som blei spelt var Den Vægelsindede av Ludvig Holberg.[3]
Frits Jensen fekk ansvaret for å instruera unge, uerfarne skodespelarar. Det norske Theater gav førestillingar kvar onsdag og søndag i vår- og haustsesongen. Teateret heldt til i Komediehuset på Engen, som var bygd i 1800.[4] I 1876 blei Den Nationale Scene opna i den same bygningen.[5]