Det indiske nasjonalmuseet
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Det indiske nasjonalmuseet (engelsk National Museum) er eit museum i New Delhi som blei skipa i 1949, kort tid etter at India fekk sjølvstende. Museet inneheld kunst og historiske objekt frå indisk historie og nokre utanlandske objekt i ei samling av over 200 000 gjenstandar, og er eitt av ei største i landet. Det blir drive av kulturdepartementet og turistdepartementet i India.[1]
Det indiske nasjonalmuseet ligg sentralt i New Delhi, på hjørnet mellom Janpath og Maulana Azad Road.[1] Det er stengd på måndagar.[2]
Planane for museet blei laga av Gwyer-komiteen i 1946. Etter ei utstilling av utvalde indiske gjenstandar ved Royal Academy i London vinteren 1947/48 blei den same samlinga vist fram i Delhi. Utstillinga blei halden i Rashtrapati Bhavan i 1949, og var ein stor suksess. 15. august 1949 blei det indiske nasjonalmuseet innvigd her av dåverande guvernør-general C. Rajagopalachari. Samlinga blei verande i den indiske presidentbustaden Rashtrapati Bhavan fram til ein eigen museumsbygning stod klar.
Nasjonalmuseumbygningen blei teikna av arkitekten Ganesh Bikaji Deolalikar.[3] Grunnsteinen for denne bygningen blei lagt av statsminister Jawaharlal Nehru 12. mai 1955.[4] 18. desember 1960 blei museet opna av visepresident S. Radhakrishnan.[3]
Samlinga er stilt ut i tre etasjar. Blant galleria finst ei stor samling objekt frå Indusdalsivilisasjonen, mellom anna skulpturar som «dansejenta frå Mohenjo-daro» og «prestehovudet», segl, keramikk og leiketøy. Museet har også utstillingar knytt til utviklinga av indisk skrift og myntar, buddhistisk kunst og indiske miniatyrmåleri.[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.