Derwentwater
From Wikipedia, the free encyclopedia
Derwentwater eller Derwent Water er ein av dei største innsjøane i Lake District nasjonalpark i Nordvest-England. Han ligg i Allerdale i Cumbria.
Derwentwater | |||
innsjø | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Derwent, Watendlath Beck, Brockle Beck | ||
Utløp | Derwent | ||
Opphaldstid | 55 dagar | ||
Høgd over havet | 75 moh. | ||
Lengd | 4,6[1] km | ||
Breidd | 1,91 km | ||
Areal | 5,2 km² | ||
Middeldjupn | 5,5 m | ||
Største djupn | 22 m | ||
Volum | 29 x 106 m³ | ||
Kystlengd1 | 15,4 km | ||
Koordinatar | 54°35′N 3°09′W | ||
Øyar | Fire større og ni små (13) | ||
Derwent Water 54.583333333333°N 3.15°W / 54.583333333333; -3.15 | |||
Wikimedia Commons: Derwent Water | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |||
Innsjøen dekkjer delar av Borrowdale og ligg like sør for byen Keswick. Elva Derwent renn gjennom innsjøen. Han er om lag 4,5 km lang, 1,5 km brei og har eit areal på 5 km². På det djupaste er han 22 meter. Det ligg fleire øyar i innsjøen og ei av desse er busett. Derwent Island House er ein bustad frå 1700-talet og eigd av National Trust i dag.
Derwentwater er omringa av vakker natur med åsar (lokalt kalla fell) og mange av åssidene ned mot Derwentwater er skogkledde. Det går ein passasjerbåt på innsjøen. Fotturar i området kring innsjøen er òg populært.
Vegen Keswick—Borrowdale går langs austsida av innsjøen. Derwentwater gav namn til jarldømet Derwentwater.