Denver
From Wikipedia, the free encyclopedia
Denver er hovudstaden og største byen i delstaten Colorado i USA. Byen har 554 636 innbyggarar, med forstader har Denver-Aurora området omtrent 2,83 millionar innbyggarar. Denver blei grunnlagt i 1854 og oppkalla etter guvernøren i Kansas-territoriet, som heitte James W. Denver.
Kjappe fakta Land, Stat ...
City and County of Denver | |||
by | |||
|
|||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Stat | Colorado | ||
Fylke | Denver | ||
Del av | Denver metropolitan area, Southwestern United States | ||
Areal | 401,2 km² | ||
Folketal | 715 522 (2020)[1][2] | ||
Tidssone | MST (UTC-7) | ||
Denver 39.739166666667°N 104.98472222222°W / 39.739166666667; -104.98472222222 | |||
Wikimedia Commons: Denver, Colorado | |||
Nettstad: http://www.denvergov.org | |||
Lukk
Denver ligg ved foten av fjellkjeda Rocky Mountains. 15. steg på Colorados Kapitol ligg 1 609 m. over havet, noko som har gjeve Denver namnet «Mile High City».
Sida Denver er den største byen i ein omkrins av 600 km er han eit viktig transportsentrum. Den nye flyplassen som blei opna i 1995 var, målt i passasjertal, den femte største i USA og den tiande største i verda i 2004.