![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7d/Tree.ring.arp.jpg/640px-Tree.ring.arp.jpg&w=640&q=50)
Årringsdatering
From Wikipedia, the free encyclopedia
Årringsdatering, treringsdatering eller dendrokronologi er ein måte å finna det nøyaktige året eit tre brukt til tømmer blei hogd.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7d/Tree.ring.arp.jpg/640px-Tree.ring.arp.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0c/Dendrochronological_drill_hg.jpg/640px-Dendrochronological_drill_hg.jpg)
Metoden legg til grunn den ulike tjukna på årringane i tre. Variasjonane i tjukkleiken på ringane heng i hovudsak saman med kor gode eller dårlege veksttilhøva har vore på grunn av vêret i dei aktuelle åra. Årringen vert tjukk i år med vêr som har gjeve gode vekstvilkår, og tynn i år med dårlege tilhøve. Til saman lagar vekslinga mellom tjukkleiken på ringane i treet eit mønster, og det same mønsteret er meir eller mindre tydeleg å sjå i alle dei trea som har vekse i same tidsrommet innanfor den same klimaområdet. På den måten vert det overlappande årringsmønstre i tre som ikkje har vekse heilt samtidig, men til tider som overlappar kvarandre. Ved å nytte mønsteret i trevyrke frå gamle bygningar, tre funne i myrar osb., kan ein soleis sette saman ein mønsterkjede av årringar som strekkjer seg langt attende i tida. Tjukkleiken på kvar årring i ei mengd trevirke vert målt, og ein kjeder saman desse talrekkene i ei såkalla grunnrekke eller grunnkurve som går langt attende i tida. Deretter kan eit trestykke som ein ikkje kjenner alderen på verte tidfesta ved å finne den staden i grunnrekka som mønsteret i trestykket passar inn. Ved hjelp av datamaskinar kan dette gjerast snøgt.
Slike grunnrekker vert òg nytta til å kalibrera radiokarbondateringar for å rekne ut kor gamal ei trekolprøve er i kalenderår. Av di mengda C-14-isotop i lufta ikkje har vore konstant over tid, er den alderen som kjem fram ved radiokarbondateringa (den radiologiske dateringa) rekna i «C-14-år» som ikkje er like lange i heile perioden. Difor må talet på «C-14-år» reknast om til kalenderår ved hjelp av kalibreringskurver basert på mellom anna årringsdateringar.