Den sentralamerikanske føderasjonen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den mellomamerikanske føderasjonen var ein føderasjon i Mellom-Amerika som eksisterte frå juli 1823 til rundt 1840. Føderasjonen bestod av dei noverande landa Guatemala, El Salvador, Honduras, Nicaragua og Costa Rica. I 1830-åra slutta òg staten Los Altos (i dag ein del av Guatemala og tildels Mexico) seg til føderasjonen. Den mellomamerikanske føderasjonen blei oppløyst gjennom ein borgarkrig i 1838–1840.
Provincias Unidas del Centro de América Den mellomamerikanske føderasjonen | |||||||||||||||||||||
| |||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||||||||||||||||
Hovudstad | Guatemala by (1821-34)
San Salvador (1834-38) | ||||||||||||||||||||
Språk | Spansk | ||||||||||||||||||||
Styreform | Republikk | ||||||||||||||||||||
Historie | |||||||||||||||||||||
- Oppretta | 1823 | ||||||||||||||||||||
- Opphøyrde | 1840 | ||||||||||||||||||||
|
Kort tid etter at Sentral-Amerika erklærte sjølvstende frå Det spanske imperiet i 1821, blei fleire av landa annekterte av Det første mexicanske keisardømet i 1822. I 1823 gjekk landa saman i ein føderal republikk. Frå 1838 til 1840 utvikla det seg ein borgarkrig i føderasjonen, der konservative slost mot liberale og ulike separatistar kjempa for lausriving. Desse gruppene klarte ikkje å overvinna dei idelogiske skilnadane sine, og konføderasjonen blei oppløyst etter ei rekkje blodige konfliktar.[1]